onsdag, desember 10, 2008

Spotify this!















Eg føle at noken må skrive litt om ditta herlege programmet, og denne postar opnar såleis ei runde med tilbakemeldingar og inntrykk som er svært velkomne i kommentarseksjonen. Altså, Dr. Eas gjekk og kjøpte seg ein månads forbruk på dette krydderiet, og var storsinna og delte ut invitasjonar til både hist og hast. Eg er tydelegvis anten hist eller hast, så eg logga meg inn og PANG! for ei fin utforming (sjå bilete) I like! Sidan vi alle brukar mac, er det vel trygt å seie at ein kunne tru apple california stod bak design og slikt. Trykk på album, artist, sang osv.. og du får opp alt du vil vite -sett igang ein sang og du får den i høgtalarane i samme sekund! Eg har ikkje sett noko til den berykta reklamen (kanskje andre gratisversjonbrukarar kan ta ei runde med seg sjølv og fortelle om slike eventuelle hendingar?), og eg er igrunn glad for det. Så takk, Mr. A. Men altså, oppsummering til no:

Design 5
Utval 4
I bruk 5
Sum 5

4 kommentarer:

Dr.eas sa...

ja det e heilt fantastisk. I skrivande stund driv eg og Kaptein Maud å utarbeida ei Homoliste. skal legge ut link når vi har laga litt meir. Reknar med du har litt å bidra med der. Syns også vi skal gjere det til ein trend å legge linken til spelelistene våre ut her! Einige?

G sa...

Eg har mykje homolistemateriale sjølvsagt (men eg vart i stuss, skal det vere bra homomusikk, eller berre homomusikk? eg går ut i frå det første). Eg satt og las litt på bioen til Kanye, og fekk høyre hans nye vocoderspetakkel i samme slengen (au!) og det vart moro då eg fann ut at eg var ein av dei det stod om; "(...)and his singularity no doubt is part of his appeal to a great many people, especially those who don't generally consider themselves rap listeners." Har aldri tenkt på det før berre. Lika dokke mr. West?

Dr.eas sa...

har ikkje høyrt så mykje påan enkli. Skal sjølvsagt vere bra sangar.
Legg ut dei få sangane eg har lagt til så langt. Har ikkje gjort så masse. Skal jo helst lese til eksamen.

Homolista

Dr.eas sa...

no er det sånn at når du legg nåke inn på Homolista oppdatera det seg automatisk hos meg og Kaptein M!