lørdag, desember 13, 2008

DEN utrulege? HULKEN!


(forslag til ny delspalte:) G @ the movies!

Eg stod opp 05:34 i dag slik at eg kunne sjå The Incredible Hulk, og her kjem filmomtalen:

Ed Norton er Bruce Banner (kvifor heiter alle dessane Bruce?), og den heite dama hans Betty spelast av Liv Tyler (rrrrau!). Bruce drive å forska, og så går det skeis, og så blir han grønn og hulkete når han får puls over 200. Og det skjer av og til. Og så blir en sånn anna mann Mr. Abomination (som ikkje er noko homofilt, men ein sånn anna stor stygg monstermann). Og så må dei slåss litt. Treng ikkje å røpe slutten her.

Kort sagt; Den var kjedelig. Terningkast 3.

3 kommentarer:

jacop sa...

Eg støttar forslaget om ny delspalte, då eg tykte dette var fornøyeleg lesemateriale. Supermann heite Clark. Og Spiderman heite... Kjell? Bruce?

Anonym sa...

Eg trur ikkje på at hulken kan få puls over 200. Han er jo ein vaksen mann, og vaksne menn pleier å ha makspuls langt under det. Ergo hulken er teit.

G sa...

Bruce Wayne! Bruce Springsteen! Bruce Allmighty! Steve Bruce! Julebruce! Eg trur eg gir meg no.