fredag, mars 03, 2006

Reiserapport

Her kjem dei (heilt tydeleg) svært etterlengta rapportane frå Oslo og Trondheim, i freesj og ungdommelig innpakning!

Oslo.
Formål med turen(i tilfeldig, dog nummerert rekkefølge, for ordens skyld):
1. Gratis hotell 2. Gratis mat 3. Ære og berømmelse 4. Koz med Tåmmi og Tute. Og Olsentwin. 5.Tjåpping 6. Kjendisjakt

Dom/grad av realisering:
1. Den her fiksa vi bra, vil eg sei. Vi utnytta hotelloppholdet til det fulle; åt masse, stjal handkle, pennar og dusjhetter, rota, forpesta toalettet gjentatte gangar, benytta oss av treningsrom (7 min. fordelt på dei 3-4 defekte treningsapparata hotellet hadde å by på) og svømte (vassa) i bassenget (sjå for deg ein stolpe(var den til pynt? Hadde den ein funskjon? Kem veit) plassert midt i ein rund balje. Kan ein eigentleg kalle det eit basseng?).
2. Eg er fornøgd her også. Om den store festmiddagen som premieutdelaren hadde frista om på førehand, kan eg informere om at hovudretten var kotelettar, éin til kvar. Men om det blei litt lite mat, så fann vi kompensasjon i bordkavalerane våre, mor og datter Ukraina. Dei var henholds- og anslagsvis i 60- og 30- åra, stilig kledde og fine i fasongen. Det skulle seinare vise seg at dei også var klin hakkande galne. No skal det seiast at mistanken om at dei to var noko spesielle kom snikande ganske tidleg, til dømes då datter Ukraina tok seg den frihet å (muligens med vitande vilje) sprute flass på koteletten til Dr. Frokosten var kongeleg, og det blei ikkje mindre stas av at så å seie samtlige Dansefeberdeltakarar svinsa og svansa rundt oss medan vi sat der og slafsa i oss den daglige dosen makrell i tomat.
3. Greit, så røyk eg ut ca med ein gang på samtlige spørsmål. Eg vel å tru at det er grunnen til at dei aldri zooma inn på meg, framfor det at eg ikkje egna meg på riksdekkande TV.
4. Dette kunne jo ikkje slå feil! Vi koste oss nesten glugg i hel, kanskje spesielt fordi vi ikkje laga anchos denne gongen. Dr. og underteikna inntok, tradisjonen tru, rommet til Tåmmi og fiksa fort dårlig atmosfære der inne i form av kroppslukter og rot. Fint! Det einaste eg har å utsetje på besøket er at Ole Tjåmmix glimra med sitt fråver også denne gongen (Finst han eigentleg?). Fekk endeleg sjå Olsentwin, som for øvrig ikkje likna på verken MK eller A. Men nøydli var ho.
5. Som vanleg tjåppa vi til vi skreik i rusliknande ekstase og intens smerte, og kom ut av det heile med like sko. Vi kjøpte ôg gåver til Tåmmi og Tute; matchande Batmansolbriller! Tute kasta dei i boss ved første og beste anledning.
6. Kjendisar observert: IdolSandra (igjen), Maria Mena (trur kanskje eg glømte å sei det Dr.? Såg ho då eg skulle finne plastgaffel og endte opp på tjåpping i staden), Øyvind Mund, Dansefeberfolk.

Trondheim.
Formål med turen: 1. Gratis hotell 2. Gratis mat 3. Treffe venner som bur der
4. Kursing i seksualundervisning 5. Tjåpping 6. Kjendisjakt

Dom/grad av realisering:
1. Joda, kan ikkje klage. Spøkte gjor det ôg.
2. Hotellet skal berømmast for at dei hadde honningmelon på frukostbordet dagen derpå. Det passa meg fint. Ellers er det med tungt hjerte eg må innrømme at eg takka nei til gratis restaurantmiddag på laurdagskvelden. Ein seier ikkje nei til gratis mat, og sånn er det berre. Til mitt forsvar hadde eg jæskla god grunn. Kvelden utvikla seg til å bli minneverdig, med mykje fest og moro. Returnerte til hotellet i halv 5 tida, ein klar indikasjon på ein bra kveld. Dette tidspunktet viste seg å vere høgtid for spøking på hotellet. Eg skjønnar framleis ingenting av lakena i gangen...
3. Kanån! :D
4. Over all forventning. Bra opplegg og kjekke folk. Gruar meg som en dokost til å undervise, men er innstilt på å ta det som ein mann. Dåke må ikkje nøle med å spørje meg om alskens snask som utflod, klamydia, gonoré og elles alt dåke måtte lure på mellom rævskjegg og pubuspels.
5. Øl.
6. Mjæ. Såg Tyholttårnet. På avstand.

1 kommentar:

tute sa...

Vel, det her er jo ei riktig så pen og vakker skildring, men det er ein detalj eg føler det er på sin plass at eg rettar litt på. Det var vel ikkje akkurat slik at eg kasta batmanbrillene i bosset, var det vel? Det var vel meir slik at eg mista dei medan vi spionerte på Axel på deli. Dessuten så er misting blitt ein stor del av livet mitt i det siste. Det er ikkej så veldi fint eigentleg.