onsdag, mars 08, 2006

Definisjon

I går lærte eg at å sitte sikringsmann på flåteøvelse, betyr å:

1. Sitte i eit klasserom å svette, fordi ein har på seg tørrdrakt inne
2. Angre på at ein blei lurt til å smake på nødproviant, då dette ikkje akkurat smakar som mors beste barn.
3. Sitte i ein båt å fryse, fordi ein ikkje har meir enn ei tørrdrakt på seg.
4. Angre på at ein ikkje åt meir nødproviant, då ein ikkje har ete middag og er sulten som ein skrubb.

Tenkte eg skulle informere dykk om kva det ville seie å sitte sikringsmann på flåteøvelsar, i fall de skulle få tilbudet.

1 kommentar:

tute sa...

Okeis.
Tatt til etterretning.
Eg har blitt bestizz med han på Nesrim med det sammenvokste augebrynet. Han har nett vore på ferie ei veke, og var tilbake på jobb i går skal vite.