
Det kjekke med å ha vakt, er at eg får lov til å gå vaktrunder på bygget som du kan sjå på bilde. Det må eg gjere to gonga for dag. Også i helgene. Det som er litt demotiverande er at eg ikkje går for å sjå etter terroristar, tyskertar, russerar eller anna tjuvpakk, men eg går rett og slett "vaktrunden" for å sjekke at dører er låst og at det ikkje står lys på. Og sidan skulen er stengt i helgene er det ingen som slår på lys eller opnar dørene heller. Derfor, pverraskande nok, har det vore IÅM (les: ingenting å melde) på samtlige rundar etter den første runden på fredag. Men sidan desse rundane må gåast, kan eg velge å reise inn til bergen på formiddagen, for så å reise tilbake på HOS (les: haakonsvern orlogstasjon) (nei eg veit ikkje kva ein orlogstasjon er) for å gå vaktrunden som ta ca 10 min, for så å reise tilbake til Bergen og vente til klokka blir eingong før midnatt slik at eg kan gå neste runde for å konstatere at det er IÅM. Eller eg kan tilbringe ei helg på HOS. eg har valt ein kombinasjon av desse, som går utpå å vere på HOS til etter første vaktrunde og deretter leve det gode liv i byen. Som det kanskje går fram av denne lange og uinteressante postinga så kjedar eg meg litt no. Lenge leve militære vaktordningar, og TBF'ar.
3 kommentarer:
du e securitas du! tøff båt då.
Du kan heller få komme og inspisere nabolaget vårt. Her er det alltid noko artig å ta tak i. I går var det feks skyting på ein kurdisk fest.
stakkels onkel A. men hugs dette, du har det betre enn strandkostarane her i garden. garantert.
Legg inn en kommentar