torsdag, januar 26, 2006
overskrift her
Rett før eg sovna om kvelden blir eg som oftast veldig smart og filosofisk. Nesten like ofte er alle dei djupe, spissfindige tankane borte vekk morningen etter. Men i går huskar eg at eg låg og tenkte på kor fascinerande det egentlig er at Dr. og eg hadde eit felles mareritt då vi var små (som i bleiesmå). Ikkje som i at vi hadde en handfast ting vi begge var redde for, men vi har altså komt fram til at vi, i skjøre barndomsår, var belasta med samme tilbakevendande, bedritne, utrulig skumle drøm. Den gjekk ut på at det var ein bitteliten ting, som f. eks. ei...flis...? I alle fall så var den der, i drømmen, i lag med en heilt avsindig gigantisk ting, det kan ha vore ein betongsylinder. Akkurat kva som var så skrekkelig skummelt med dette er eg ikkje lenger skråsikker på, men det handla bl. a. om det ufattelege størrelseforholdet mellom dei to tinga. Det er i grunn rart vi, med noko slikt i sekkjen, har vekse opp til å bli dei sunne, sinnsfriske prakteksemplara av norsk bygdeungdom som vi jo framstår som den dag i dag!(Utfyllande kommentarar er hjarteleg velkomne Mr. Dr.)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
10 kommentarer:
ops
vvvvopS!
det slo meg akkurat, då eg satt og las om den raudauga lauvfrosken og dens brot på naturreglane, at eg her har begått alvorlege brot mot ytringsfridomen. Derfor vil eg no gjere om på slettinga av tute sine idiotiske kommentarar.
ettersom det tøydeligvis ikkje går an, nøyer eg meg med å sei unnskyld. For faen.
Det e rart at vi begge har den absurde frykt for missforholdet mellom en stor og en liten ting ja. Tryr ikkje eg veit om nåken andre som har hatt det sånn. og som du seie, det e jo ett under at vi e blitt til dei vi e. Men det e lenge sia eg har opplevd det no. Kanskje ein kan vokse det av seg. skal sjå om eg finn ei psykologisk forklaring på det...
fengande overskrift fresten.
Du er ikkje tilgjeven, og du kjem ikkje til å få tilsendt bolig med stil frå notar. so yeah.
!#¤%#*!!
Legg inn en kommentar