fredag, juni 15, 2012

Produkttest: Kukkusyoghurt!

Grunna den nylege oppblomstringa i bloggaktiviteten, samt det voldsomme stykket tid sidan førre produkttest, kjem her ei evaluering av den kliss nye kukkusyoghurten Go' Sommer Yoghurt og Müsli Kukkus frå mjølkeproduktfascisten Tine Meierier:

Slik ser emballasjen ut. Eg har ofte lurt på om det er ein pingvin som er avbilda på desse yoghurtane. Hanekammen forvirrar meg.


Føkk. Hugs å ALLTID plukke av skeia FØR du fjernar lokket, elles kan det bli mykje spruting. Dersom du får Go' Sommer Yoghurt og Müsli Kukkus i auga, skyll godt med vatn og kontakt lege. Det gjekk bra denne gongen.


Go' Sommer Yoghurt og Müsli Kukkus smakar fullstendig OK; terningkast fire. Det finst også ein variant med sitron/lime som eg er heilt uansvarleg spent på å prøve.


Dette er eit rekesmørbrød frå i går. Terningkast seks.

1 kommentar:

Tute sa...

Du kan glede deg megasinnsjukt til limejåggerten.