Det gjekk so eg tenkte ... Det gjekk ikkje. I allefall ikkje heilt som planlagt.
Eg starta med å sette vatn på kok og å måle opp malten. Rekna ut temperaturen på "mash calculators", og starta med å blande malt og vatn.
Det var her problema starta. For å få temperatur til 67 grader, måtte eg blande i kaldt vatn. Men det var på dette tidspunktet termometeret valgte å ta kvelden og å vise feil temperatur. Mesken var blitt alt for kald og rådyra var gode. Heldigvis var Are der og kunne hjelpe til.
Det endte med at eg blanda malt og varmt vatn på slump, til temperaturen vart riktig. Så fekk det stå å kose sei litt mens bryggeslasken sjøl roa nervene med ei kald ei i sola.
Etter 90 minutt, var det klart for filtreringa. Sidan det hadde gått heilt over styr under innmeskinga hadde eg ingen ide om kor mykje vatn som var i mesketanken, og måtte derfor tippe litt på kor mykje vatne eg skulle skylle med.
Eg misstenkte at koketoppen ikkje hadde effekt nok til å koke vørter i den nye 50 ltrs gryta mi, så derfor kunne eg ikkje lage så mykje meir enn 12 - 13 ltr vørter. Som du ser på bildet over prøvde eg å koke vatn i 50 ltrs gryta, men ikkje ein gong med skjærefjøler som lokk, og to plater på full fyring under vart det antydning til koking oppi der.
Vel vel... Eg fylte gryta med så mykje vørter eg turte å koke, og får berre håpe på betre utbytte neste gong. For å sleppe å vaske ned heile kjøkkenet, delte eg vørteren slik at eg kokte nokre liter for seg sjølv til den var redusert nok til at det var plass i ei gryte. Heldigvis var Are der og kunne hjelpe til!
Sidan eg brukte heil humleblomst, er det lurt å bruke ein pose til å koke humla i. Det hadde eg heilt glømt (sjølvsagt), så eg måtte lure meg til å ta ein av bh-posane til M.
Vørteren vart kokt og humla lagt i med ugjevne mellomrom. Sidan eg ikkje har laga ferdig kjølespiralen, blei det litt alternativ kjøling. Eg gryta den ferdigkokte vørteren rett i gjæringskaret, og sette heile stasen i dusjen med kaldt vatn rundt. Sidan OG var ganske høg (1090), tilsette eg litt kokt vatn til vørteren slik at eg fekk ein OG på 1070 (sikkert det einaste som er typeriktig på denne øla mi!)
Det var ikkje særlig effektivt, og dersom det ikkje blir infeksjon i ølet så skjønnar eg ingenting. Det tok fleire timar før temperaturen var nede i romtemperatur. Sidan eg hadde vore i overkant optimistisk når det gjaldt nedkjølinga hadde eg aktivert gjæren i god tid før vørteren var ferdigkokt. Dette førte til at pakkane med gjær var sprengferdige lenge før vørteren var kald nok til pitching, men til slutt turte eg ikkje meir, og helte i gjæren sjølv om det var over 30 grader i vørteren.
Men no boblar det godt i gjærlåsen og det minnar faktisk om IPA på lukta.
På torsdag skal eg stikke det om på sekundærgjæringskar med litt meir humle. Så er det ei veke til med gjæring før det skal flaskast og modnast. Guri kor eg gleda meg til å smake.
3 kommentarer:
JA! Fantastisk! Akkurat sånn det skal vere på første forsøk. Men eg skjønnar ikkje kva du skulle gjort utan Are Velle, heldigvis var han der og kunne hjelpe til!
Eg gledar meg som ei barnerumpe til å smake, og endå meir til å delta i prosessen!!
Elljes: ståande applaus for innovativ bruk av BH-pose! Eg LOLa.
Kass humle var det du brukte, no igjen?
Heil Cascade 6,7 % alfa. Gøy med tagging då! Eg oppdaga ikkje før idag at det gjekk an, og at du hadde gjort det på Sex og singelliv-posten (posten, posten) (NEI!)
Legg inn en kommentar