Som de skjønnar har eg og min skjønne M vore i Catalonias hovudstad, Barcelona, og prøvd flymulighetane. Det vil sei det var kun eg som prøvde dei, då Marianne hadde si fulle hyre med å tømme kroppen for ulumskheitar ho hadde inntatt.
For å gjere opp status frå turen:
1. Andreas fann ut at han er endå dårlegare i engelsk enn han hadde frykta då han
- Taxisjåføren som køyrde oss frå flyplassen slapp oss av ved feil hotell.
- Bestillte Pasta Carbonara til lunsj og fekk servert Bolognese.
- Bestilte seg øl til Carpaccioen, og fekk vatn.
- Gav drosjesjåføren beskjed om å køyre til terminal to på flyplassen og enda opp på terminal ein.
2. Spanske bakteriar kan gjere mykje skade, noko M ettertrykkjeleg fekk merke.
3. Andreas bør ikkje få ansvar for bestilling av flybilettar på eigenhand, noko som kosta han dyrt.
4.Norwegian sine samarbeidspartnarar Rørosflydritettelleranna, har ein katastrofal service og dama vi snakka med bør settast til ei stilling der ho slepp å omgås andre menneske, og vertfall ikkje meg. (Forøvrig kan ho ta med seg ho burugla i SAS-skranken som demonstrativt såg rett i dataskjermen, og ikkje på meg under heile samtalen vår!)
5.Andreas er ikkje så god på kart som han trudde. Det var mest flaks som gjorde at vi snubla over dei sjåverdighetane vi såg.
6. Det vi såg av Barcelona er veldig fint. (riktig nok såg vi meir frå Canada og Vancouver, då mesteparten av tida blei tilbrakt på hotellrommet)
7.Når norwegian lure deg til å tru at dei skal vente på deg, går du glipp av å kjøpe 1 ltr Jameson til 199 kr,- på taxfree.
8. Marianne bør ikkje få ansvaret for å pakke aleine då ho pakkar for lite varme klede og frys konstant.
9. I Barcelona kan det regne like hardt som i Bergen.
10. Spanske gamle damer er like frekke som norske gamle damer når det gjeld kø-kultur.
3 kommentarer:
Barcelona-tur: Terningkast 6!
hehehehehhehe.....tidenes ferie?
Ingenting positivt å sei? For eg har lyst dit! eller hadde.
Joda Efa byen var finfin. Anbefala å reise dit. Kunne igrunn tenkt meg tilbake, men då for å sjå litt meir av byen, og litt mindre av hotellrommet!
Legg inn en kommentar