
Over ser du eit fantastisk menneske. Han var ein skotsk forsker som ikkje gjekk av vegen for å ofre eitt og anna for vitskapen. Følgande trivia er henta fra A Short History of Nearly Everything av Bill Bryson (populærvitskap på sitt beste):
- Då han var guttunge var han så heldig å få hjelpe faren (John Scott Haldane, også han ein liten luring) med å teste ut forskjellige gassar og gassmasker. Det blei gjort ved at dei vekselvis sjekka kor lenge det tok før dei bestvimte av gassane.
- Deltok i første verdenskrig, nåke han syns var "a very enjoyable experience". Han skal ôg ha sagt at han "enjoyed the opportunity of killing people".
- Omtrent alle eksperimenta hans skal visstnok ha enda med anfall, blod eller spying.
- Av ting Haldane påførte seg sjølv kan nevnast:
- eksploderte alle plombene i kjeften (grunna hurtig trykkfall)
- eit anfall så kraftig at det medførte fleire knuste ryggvirvlar (oksygenoverdose)
- lammelse i ræv samt nedre del av ryggrad som varte i 6 år (oksygendeprivason)
- punkterte lunger (rutine. Pytt sann.)
- sprengte trommehinner (også dette ein bagatell. Haldane sin kommentar: "the drum generally heals up; and if a hole remains in it, although one is somewhat deaf, one can blow tobacco smoke out of the ear in question, which is a social accomplishment." Veldig greit.)
- Han var heller ikkje bøbben for å utsette andre for diverse spennande forsøk. "Andre" var for eksempel kona og den dåverande statsministeren i Spania.
For ein hæli fyr.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar